|
|
Velkommen til Seim Songkor på internet!
Vår i
lufta
(30.4.2010)
Det er vår i lufta, og då tenkjer vi ikkje på svovel frå Island.
Liene på Seim grønkast og det går raskt mot sommar.
Koret skal dessverre ikkje delta på 17-mai-feiringa på Seim i år då det
ikkje lenger er så mange medlemar som høyre til i Seimsbyda.
Vi ynskjer sjølvsagt Seimarar og alle andre hjarteleg velkomen i koret!
For tida øver koret på diverse stoff til ein liten helgetur i juni. Vi har
tenkt oss sørover til Tysnes. Du vil kunne lese meir om dette etter kvart.
Kontakt oss gjerne på:
seimsongkor@gmail.com

Støtt
Seim songkor (5.4.2009)
Frå 1. mars i år vart den såkalla Grasrotandelen
innført i Noreg. Det vil seie at alle som spelar registrert hjå Norsk
Tipping kan velje å gje fem prosent av innsatsen til eit frivillig lag, så
lenge laget er registrert i Frivillighetsregisteret.
Seim songkor har registrert seg i dette registeret, så frå no av kan du
velje å støtte oss med fem prosent av alt du speler for hjå Norsk Tipping.
Du kan velje ein av desse framgangsmåtane:
1: Sei ifrå til kommisjonæren du speler hjå at du vil støtte Seim songkor.
2: SMS: [GRASROTANDELEN 992169036] (uten
klammene) til 2020 (dette er gratis)
3: Internett: www.grasrotandelen.no eller www.norsk-tipping.no
Dersom du vil at kommisjonæren skal hjelpa deg med å få gitt grasrotandelen din til oss, så kan du åpne og skrive ut dette arket (klikk her). og ta det med til
tippekommisjonæren din.
For å lese meir om Grasrotandelen, klikk deg inn
på www.grasrotandelen.no, eller www.norsk-tipping.no
og trykk på lekkja ”Grasrotandelen”.
Takk for di støtte!
Vil du å
ha song på ditt arrangement/din konsert?
Ynskjer du å ha oss med på ditt arrangement, er dette fullt mogeleg!
Vi kan stilla med heile koret, eller med ei mindre gruppe.
Kontakt oss [HER]
Link
til arkiverte nyhendesider!
|

Sjå fleire bilete [HER]
|