|
|
Om Seim Songkor
Seim Songkor vart
skipa i 1974, og høyrer heime på Seim i Lindås kommune, nord for Bergen. Koret
er eit blandakor og har i dag omlag 25 medlemar frå kommunane Lindås,
Radøy, Meland, Gulen og Bergen.
Seim Songkor har opp gjennom åra hatt
mange spanande prosjekt, framføringar og konsertar
innan ulike stilartar. Takka vere dugande dirigentar og entusiastiske
medlemar, har koret hatt ei jamn
musikalsk utvikling. Koret har delteke i korkonkurransar i inn- og utland,
med gode resultat.
November 1999 hadde koret premiere med musikalen "Dampen"
(Jan Spurkeland/Per Indrehus). Koret
hadde 7 framsyningar på Strilatun, Seim. Våren 2000 vart stykket ein del av
"Kulturby Bergen 2000", og
10 framføringar gjekk for fulle hus på Danseteateret i Bergen. "Dampen"
er også utgjeven på CD.
Under "Syng for oss" i
Grieghallen år 2001, vann koret i klasse A for blanda kor. I tillegg
stilte
mannstemmene i koret for fyrste gong opp som eige mannskor i klasse B.
Prosjektet var svært vellukka
og resulterte i ein fin 1.plass også for dei.
Koret har ved fleire høve samarbeidd med Ophelia Ragtime Orchestra i
samband med framføring av Treemonisha
av Scott Joplin. Forutan i Strilatun på Seim, har vi framført dette verket
både i Grieghallen, og under Oslo Jazzfestival 2005.
Seim Songkor har også ved fleire høve vore med på samarbeidsprosjekt saman
med kor frå Bergens-regionen. Initiativtakarar har vore Bergen
Filharmoniske Kor- og orkester. Konsertar i Grieghallen med eit kor på
tilsaman 100-160 songarar har framført verker som Carmina Burana, Beethovens 9.symfoni og Mahlers 8.symfoni.
Våren 2009 gjorde koret ei urframføring av tingingsverket ”Svart Gull – I går
var i dag i morgon” av komponisten Dag Øyvind Rebnord.
Historikk
1984 - "Samliv i to akter" av komponist Per Indrehus.
1987 - "Kattane i Lindås".
Musikal.
1988 - "Veintetid" i samspel
med Tove Karoline Knutsen.
Internasjonal korkonkurranse i PolStartside, Tyskland "Jul med Seim
Songkor". Innspeling av kassett.
1989 - "Jazz". Prosjekt og
konsertar med Ytre Suløens Jazzensemble og Rhoda Gravem
"Les Miserables" og "Norske Folketonar" - 15-års
jubileumskonsert.
1992 - "Perler frå Renessansen" - konsert i Håkonshallen.
1994 - Internasjonal korkonkurranse i Riva del Garda, Italia (5.plass
klasse A- sølvdiplom).
1995 - "Syng for oss". Korkonkurranse i Grieghallen, Bergen
(3.plass klasse A).
1996 - "Tonar og song". Prosjekt med Geirr Lystrup m.fl.
1997 - "Håkonarvarde". Urpremiere Håkonarspelet på Håkonsshaugen,
Seim.
1998 - "I vesterveg til Liverpool". Musikal av Leif Egil Vatnøy
"Den blida vår er inne". Prosjekt med Gunnar Eriksson m.fl.
1999 - "Syng for oss". Korkonkurranse i Grieghallen, Bergen. (2.plass
klasse A)
Musikalen "Dampen" av Jan Spurkeland og Per Indrehus, Seim.
2000 - Musikalen "Dampen". I samarbeid med "Kulturby Bergen
2000",Danseteateret i Bergen
"Eit bilete med norsk kyrkjemusikk i ei antikk
ramme"/"Stemmer og ei fløyte" med Eli Johanne
Rønnekleiv
og Laila Kolve. "Håkonarspel" på Bergenhus festning.
2001 - Internasjonal korkonkurranse i Budapest, Ungarn (4.plass klasse A og
gulldiplom) "Syng for oss".
Korkonkurranse i Grieghallen (1.plass klasse A og 1.plass klasse B mannskor).
2001 - Mannstemmene i koret framfører "Requiem" av Verdi for
fullsett Grieghall, saman med Bergen Filharmoniske kor og orkester, og
Kammerkoret ved Griegakademiet.
2001 - Stemmer og ei fløyte
utgjeven på CD.
2002 - Beethovens 9.,
Grieghallen. Samarbeidsprosjekt Bergen Filharmoniske kor og orkester.
2002 - Konsertserie, utdrag frå folkeoperaen Treemonisha i samspel med
Ophelia Ragtime Orchestra.
2003 - Carmina Burana,
Grieghallen. Samarbeidsprosjekt Bergen Filharmoniske kor og orkester.
2003 - Urframføring av Kenneth Sivertsen sitt Requiem. Samarbeidsprosjekt med Bergen Filharmoniske
Kor og Orkester.
2004 - 30 års jubileum. Stor jubileumsforestilling på Strilatun.
2005 - Amor Morte.
Konsertserie i samarbeid med den engelske duoen Misericordia.
2005 - Festspela i Bergen, Mahlers 8.symfoni.
2005 - Oslo jazzfestival, Treemonisha
med Ophelia Ragtime Orchestra, Gamle Losjen i Oslo.
2006 - Konsert saman med visegruppa Barfot.
2006 - Carmina Burana,
Grieghallen. Samarbeidsprosjekt Bergen Filharmoniske kor og orkester.
2006 - Irsk aften med The
Harbour Folk Band frå Stavanger.
2007 - Kor e'me - Ei musikalsk reise
gjennom kulturelt landskap. Rundreise i Nordhordland med 3
konsertar.
Merittar
1994 - Internasjonal korkonkurranse i Riva del Garda, Italia (5.plass
klasse A- sølvdiplom).
1995 - "Syng for oss". Korkonkurranse i Grieghallen, Bergen
(3.plass klasse A).
1999 - "Syng for oss". Korkonkurranse i Grieghallen, Bergen.
(2.plass klasse A).
2001 - Internasjonal korkonkurranse i Budapest, Ungarn (4.plass klasse A og
gulldiplom) "Syng for oss".
Nordisk korkonkurranse i Grieghallen (1.plass klasse A og 1.plass klasse B
mannskor).
2003 - Seim Songkor deltok i landskonkurranse i Bergen (klasse A blanda
kor) 4.oktober. Koret oppnådde ein 7.plass av i alt 12 kor.
2005 -
Griegfestival. 6.plass klasse A, blanda kor.
|